Yppal - mat og drykk

  • Sesong

    Me forsøker alltid å bruke råvarer i sesong. Vår kjøkkensjef Francesco tar med seg inspirasjon frå heimlandet Italia og bruker norske råvarer som er tilgjengelig i sesongen. Dette er alltid krevande langt mot nord, men så langt det lar seg gjera er det målet vårt.

  • Lokalt

    Me har samarbeid med Larsastova i Folkedal om slakting og klargjøring av lokalt kjøt frå Ulvik på menyen vår. Bakaren vår Kjerstin frå Granvin bakar ferske brød til oss kvar veke. Fisken forsøker me å få frå Hardangerfjorden så langt det lar seg gjøre, og kyllingen vår kjem alltid frå frittgåande og økologiske kyllingar hos Homlagarden i Norheimsund.

  • Sider og epler

    På menyen vil me alltid ha eit stort og bredt utvalg av lokale sidera og eplemost, samt øl frå dei lokale produsentane. Me er så heldige å ha fleire Pommelierar tilknytta oss, så dermed vil me alltid ha fokus på dei lokale produsentane innanfor sider.